JUR101, oppgave

Velg enten oppgaven om domsanalyse eller teorioppgaven.

 

Valgfri oppgave alternativ A domsanalyse

Gi en analyse i et rettskildeperspektiv av domspremissene (avsnitt 9 flg.) i vedlagt dom inntatt i Rt. 2010 s. 684. Analysen skal inneholde redegjørelser for

 

1. retningslinjer for bruk av rettskildene lovtekst, lovforarbeid, lovformål og høyesterettspraksis;

2. lovtolkningsresultater; og

3. det strafferettslige legalitetsprinsippets betydning som hjemmelskrav og tolkningsprinsipp.

(Punktene 1 til 3 er ikke ment som en uttømmende liste over hva besvarelsen kan inneholde.)

 

Valgfri oppgave alternativ B teorioppgave

Fra primært rettsgrunnlag til rettsregel – fortolkning av primært rettsgrunnlag basert på reelle hensyn

Oppgåve 1 – Domsanalyse i eit rettskjeldeperspektiv av Rt. 2010 s. 684

Tvisten oppstod mellom straffedømte A, som i lagmannsretten vart dømt for brot på fritids- og småbåtloven § 37 etter § 33s første og andre ledd, og påtalemyndigheita. A meinte lovbruken lagmannsretten hadde lagt til grunn var basert på ei illegitim tolking av § 33. Rettsspørsmålet var om det var rettskjeldemessig grunnlag for ei innskrenkade tolking av fritids og småbåtloven § 33. Saka dreia seg altså om rekkevidden av fritids- og småbåtloven § 33. Det vert dermed tale om ein lovtolkingsprosess.

Legalitetsprinsippet som heimelskrav og tolkingsprinsipp

Sakas primære rettsgrunnlag er fritids og småbåtloven § 33. Det primære rettsgrunnlaget er den rettsoppfatning i form av lov, avtale eller ulovfesta rett som oppstiller dei vilkåra som må vere oppfylt for at ønska rettsverknad skal kunne tre i kraft. At samlege av desse formene vert aksepterte som primære rettsgrunnlag kjem av det allminnelege heimelskrav som eksisterer i norsk rett. Etter dette må eit kvart krav kunne forankrast i rettskjelder for å få medhald – følgeleg må alle rettslege plikter og rettar kunne forankrast i rettskjelder. Ettersom både lov og ulovfesta rett er anerkjende rettskjelder i norsk rett vil dei oppfylle dette alminnelege heimelskravet. Dette skuldast at både lov og ulovfesta rett fremjar eller vernar om ei eller fleire av dei autoritets- eller rasjonalitetsveridar som utgjer den jurdiske metodelærast verimessige fundament. Avtale er inkludert på grunn av den generelle avtalefridom som eksisterer i norsk rett med bakgrunn i den respekten for individers autonomi som utgjer ein grunnleggjande verdi i den norske rettsstaten.

Ettersom ein her er på strafferettens område, vil det i staden for det alminnelege heimelskravet eksistere eit særskilt heimelskrav. Det set ytterlegare grenser for kva som legitimt kan utgjere eit primært rettsgrunnlag på det aktuelle område. Strafferetten fell innanfor legalitetsprinsippets område, der lov er einaste gyldige heimel for myndigheitenes inngrep i individers private sfære. Dermed vert avtale og ulovfesta rett utelukka som primære rettsgrunnlag.

Legalitetsprinsippet har bakgrunn i rettstryggingsverdiar. Her står omsynet til førehandsvisse sentralt – borgarane skal vere i stand til å føresjå rettsstillinga si. Sentralt i dette vert å hindre vilkårleg maktbruk frå styresmaktenes side. Dette vil legalitetsprinsippets heimelskrav medverke til.

I tillegg til å utgjere eit krav om heimel (i lov) inkluderer også legalitetsprinsippet retningslinjer for denne heimelen – dei oppset krav til heimelen. Det vil generelt på legalitetsprinsippets område eksistere eit relativt klarheitskrav som inneber at dess tyngre inngrep det er tale om, dess klarare må heimelen kome til uttrykk. Det vert altså krav om at den retten eller plikta lovteksten utgjer ein heimel for kan utleiast relativt klart ut frå lovteksten. Dette er for å sikre borgaranes rettsstilling.

På strafferettens område har ein rett nok byrja å nerme seg eit absolutt klarheitskrav – det må vere svært klart at straff kan heimlast i den aktuelle lovbestemminga. Dette skuldast at straff vert rekna som det mest tungtvegande inngrepet myndigheitene kan gjere. Det kan også forklarast ut frå ein auka lovgjevarlojalitet over dei siste åra. Som ei følgje vil lovtolkingsresultat som det som fann stad i passbåtdommen, neppe finne stad i nyare lovgjeving. Der vart ein 17 fots passbåt tolka inn under straffelovens § 422 beteikning “skip”. Dette kan neppe seiast å gå klart fram av lovteksten. Det var altså tale om ei svært utvidande tolking av lovas ordlyd, der dei rettsreglar lovteksten gav uttrykk for vart gitt ei mykje breiare rekkevidde enn det ordlyden skulle tilseie.

Denne avgjersla har motteke tung kritikk i juridisk teori i etterkant. Som ein ser av passbåtdommen vil ei utvidande tolking raskt kome på kant med det tolkingsprinsipp legalitetsprinsippetet utleier. Det same ville vere tilfelle for ei innskrenkande tolking, der rettsverknadane ville få eit snevrare verkeområde enn det ordlyden skulle tilseie. Begge deler involverer tolking på tvers av ordlyden, og ein heimel for dette vil sjeldan kome klart til uttrykk i lovteksten. Særleg er dette tilfelle der det er tale om utvidande tolking til skade for borgarane. Dette vil i dag ikkje vere eit legitimt tolkingsresultat på strafferettens område. Det same gjeld analogisk bruk av ein lovregel ettersom dette involverer bruk av ulovfesta rett. Her vil den rettsregel ein lovtekst utleier verte nytta på eit lovtomt område. Dette var til dømes tilfelle i Rt. 1982 s. 1356 der Høgsterett avgjorde at likheits og føremålsomsyn gjorde seg gjeldande i så stor grad at det vart aktuelt å nytte arveloven § 73, som gav åtgang til frådømming av arveretten, i eit tilfelle der det var tale om frådømming av retten til uskifte. Høgsterett baserte argumentasjonen sin på rimelegheitsomsyn, og uttalte at eit eit anna utfalle ville verke “støtande”.

Høgsteretts bruk av lovteksten

Utgangspunktet vert dermed at tolkingsresultatet bør vere ei bokstaveleg eller presiserande tolking av ordlyden. Dette er grunnlaget for at Høgsterett etter presentasjon av det primære rettsgrunnlaget i avsnitt 9, går vidare til å utleie eit argument frå ordlyden. Høgsterett baserer seg her på ei naturleg språkleg forståing av dei vilkåra som vert oppsett. Før dette vert det rett nok gjort ei utelukking av vilkår som klart er oppfylte. Dette gjer at Høgsterett raskt kan identifisere at dei resterande vilkår reiser to tolkingsspørsmål som må løyast kvar for seg.

At utgangspunktet skal takast i ei naturleg språkleg forståing er for å sikre omsynet til førehandsvisse. Det er altså det som objektivt kan utleiast av lovteksten som skal identifiserat, og ikkje kva lovgjevar subjektive har meint.

Det eksisterer rett nok to unntak frå denne hovudregelen. Det eine er i tilfelle der det er tale om fagterimonolgi. Der skal denne leggjast til grunn. Dette fell rett nok nokså naturleg ettersom slik lovgjeving i hovudsak vil verte nytta av fagpersonar som vil vere kjend med slik fagtermonolgi. Det andre unntaket er der uttrykk har endra innhald frå vedtakingstidspunktet til brukstidspunktet. Dette var til dømes tilfelle i Grunnlova før revisjonen i 2014, der ordet “bør” skulle forståast som “skal” slik at lovteksten fekk det rettslege innhald den var meint å ha.

I avsnitt 18 gjer Høgsterett i tråd med god metode ein isolert tekstanalyse av vilkåret “motor som fremdriftsmiddel”. Dette er ein vesentleg del av lovtolkingsprosessen ettersom det kan kartleggje meiningsinnhaldet av omgrepet. Dette må gjerast for at ei bokstaveleg eller presiserande tolking skal kunne leggjast til grunn. Ein må altså vite kva som er i tråd med ordlyden.

Lovtolkingsprosessen skil seg frå rettsbruksprosessar der det primære rettsgrunnlaget er ulovfesta rett ved at Høgsterett har ein autoritativt vedteke tekst å forholde seg til – i dette tilfelle lov om fritids- og småbåter § 33. Den rettsregel som vert sluttproduktet av rettsbruksprosessen vil med andre ord ha utgangspunkt i ein slik autoritativt vedteke tekst. Dette gjer at Høgsterett vil vere i stand til å føreta ei fintolking av dei ord og uttrykk som vert bruk. I Rt. 2000 s. 1089 hadde Høgsterett derimot ingen autoritativ tekst å forholde seg til. Det var altså tale om lovtomt område. Sluttproduktet i dommen vart ein rettsregel som hadde vorte forma ved regeldanning utan forankring i analogi. Med bakgrunn i positive rett fann Høgsterett grunnlag for etablering av ein ny rettsregel. Dette er eit døme på Høgsteretts rettsskapande verksemd.

At lovtekst vert rekna som ein autoritativt vedteke tekst, kjem av den autoritet lovgjevar innehar. Dette skuldast at lovgjevars kompetanse kjem frå Grunnlova som utgjer den norske rettsstatens kontitusjonelle grunnlag. Denne posisjonen gjer at argument utleidd frå lovtekst vil ha stor vekt. Dette er også grunnen til at utgangspunktet skal takast i ei bokstaveleg eller presiserande tolking ettersom denne best vil vere i tråd med lovgjevars vilje. Dette vert ytterlegare forsterka ved at argument utleidd frå lovtekst også vil fremje demokratisk legmitimtet ettersom lovgjevar består av ei folkevald forsamling.

Desse to verdiane som her er nemnt – autoritet og demokratisk legitimitet – utgjer sentrale verdiar i den jurdiske metodelæra og den norske rettsstaten. Denne sentrale posisjonen gjer slike verdiar legitimerande ovanfor rettskjelder; dersom ein faktor fremjar eller ivaretar ein av desse verdiane vil den ha legitimitet som rettskjelde i rettsleg argumentasjon. Dette kjem av at målet med rettsbruksprosessen er å kome fram til den rettsregel som har dei beste rettskjeldemessige grunnar føre seg.

At dette er tilfelle må også forklarast ut i frå rasjonalitetsomsyn. Grunnlova vil til dømes utgjere ein så viktig del av rettsstaten fordi den gjer borgarane i stand til å føresjå rettstillinga si. Denne verdien – førehandsvisse – kan forankrast i rasjonalitet, og ikkje autoritet som dei to føreståande. Den sentrale posisjonen desse tre verdiane har gjer at dei vil rangere høgast på det verdihierarki som desse autoritets- og rasjonalitetsomsyna utgjer. Under vil kome ei rekkje andre rasjonalitetsomsyn. Her er det særleg verdt å nemne likebehandling, samanheng i retten, rettstekniske omsyn (som prosessøkonomi), rettseinskap, vidareføring av Noregs folkerettslege forpliktingar og rettsferdigheits- og rimelegheitsvurderingar.

Desse verdiane vert som nemnt grunnleggjande for legtimering av rettskjelder. I tillegg vil dei vere avgjerande for kva slutningar som legitimit kan utleiast frå ei rettskjelde, og kva vekt denne vil ha i vektingsprosesse. I slutningsomgangen er det sentrale at slutninga skal utleiast frå rettskjelder kvar for seg. Dette er for å hindre at ei rettskjelde utan autoritetsgrunnlag vert “forkledd” som ei autoritativ rettskjelde. I vektingsprosessen vil det vere avgjerande kva verdiar dei ulike rettskjelde fremjar eller vernar, og i kva grad vektlegging av det aktuelle omsynet vil fremje eller verne den aktuelle verdien. Det må så avgjerast kva argument som skal leggjast avgjerande vekt på. Det vil altså siee at på bakgrunn av dei prinsipp som her vart nemnt vil det avgjerast kva løysing som har dei beste rettskjeldemessige grunnar føre seg.

Lovtekst innehar altså dei tre mest tungtvegande rettskjeldemessige verdiane som eksisterer – autoritet, demokratisk legitimtet og førehandsvisse. Som eit resultatet må det tungtvegande rettskjeldemessige grunnar til for å fråvike det argumentet som vert utleidd av lovteksten. Dette er grunnen til at Høgsterett i den aktuelle dommen brukar mykje tid på å studere lovteksten. Avsnitt 9 – 11 inneber ein slutningsprosess der Høgsterett utleier argument frå lovteksten gjennom ei isloert tekstanalyse basert på ei naturleg språkeleg forståing.

Eit alternativ til denne isolerte tekstanalysa er å gjennomføre ei kontekstuell tekstanalyse, der ord og uttrykk vert fortstått i lys av den samanhengen dei inngår i. Dette gjer Høgsterett i avsnitt 20 for å kartleggje meiningsinnhaldet av vilkåret “førar”. Her vert uttykket sett i samanheng med sjøloven § 143 der formuleringa er den same. Høgsterett nyttar altså omsynet til samanheng i retten for å kartleggje meiningsinnhaldet av ordlyden. Dette er eit legtimt omsyn fordi borgarar flest vil forvente at retten er noko lunde samsvarande og ikkje lid av motstrid.

Alternativt til a sjå ordlyden i lys av andre bestemmingar i tilgrensande lovgjeving, kunne Høgsterett ha sett ordlyden i lys av bestemminga for øvrig, lovteksten som heilheit eller i lys av paragrafoverskrifter. Sistnemnte er rett nok eit verkemiddel som må utvisast med noko forsiktigheit ettersom slike overskrifter vil vere kortfatta og ofte kan vere uttrykk for forenklingar. Dette kan lett bli misvisande. Kva teknikk Høgsterett nyttar seg av vil avhenge av kva som er føremålsteneleg – kva som vil medverke til ei avklaring av meiningsinnhaldet av ordlyden.

Innanfor føremålets grenser?

Etter å ha trekt ei slutning frå lovteksten, der dei slår fast at ordlyden ikkje legg til grunn for for ei innskrenkande tolking. Eit slikt tolkingsresultatet ville innebere at bestemminga berre kunne nyttast når motoren faktisk vart nytta. Det ville altså vere tale om ei innfortolking av eit vilkår om faktisk bruk.

Om det var rettskjeldemessig grunnlag for slik tolking vart sett i lys av bestemmingas føremål. Bruk av føremål er vanleg i rettspraksis. Dette kan forklarast ut frå omsynet til lovgjevars vilje. Ettesom lovteksten innehar autoritet vil lovgjevars vilje vege tungt. Føremålet med bestemminga vil vere eit uttrykk for lovgjevars vilje, og vil slik fremje dette omsynet.

Føremålet kan kome til uttrykk på fleire måtar. For det første kan det kome til uttrykk gjennom ein føremålsparagraf. Det vil då vere tale om føremålet med lova som ein heilheit. Dette kan vere eit nyttig tolkingsbidrag ved utleiing av føremålet til den aktuelle bestemminga. Føremålet vil fordi det kjem til uttrykk ved lovtekst dessutan ha autoritet, og derfor vege tungt.

Føremålet vil ei bestemt bestemming vil ofte kome til uttrykk gjennom forarbeida. Dette er tilfelle i den aktuelle dommen. Høgsterett gjer er ei analyse av forarbeida, og identifiserer med bakgrunn i dette føremålet.

Bruk av forarbeida er utbreidd i norsk rettsbruk. Dette kjem av den norske lovgjevingstradisjonenen med korte og konsise lovtekstar og utgreiingar i forarbeida, som gjer forarbeida til nyttige tolkingsbidrag når det skal avgjerast kva rettsregel den aktuelle lovtekst uttrykkjer. Lovgjevingstradisjonen fungerer dermed som eit legitimerande ovanfor forarbeida, ved at den føreset at noko av den autoritet og demokratiske legitimitet som lovteksten er uttrykk for smittar over på forarbeida.

I motsetning til lovtekst vil det derimot ikkje vere tale om ein autoritativt vedteke tekst. Dette gjer at det ikkje vil vere grunnlag for ei slik fintolking av ord og uttrykk i forarbeids, som det vil vere ved slutningstrekking frå lovtekst. I staden vil ulike ytringar i forarbeida måtte sjåast i samanheng ved kartleggings av meiningsinnhaldet. Dette er grunnen til at det i dommen vert vist til store utdrag frå forarbeida. Slutningane vil rett nok også her basere seg på ei naturleg språkleg forståing av innhaldet, sjølv om det ikkje er rom for fintolking. Dette kan også her grunngjevast med omsynet til førehandsvisse.

Kva som er føremålet med den aktuelle bestemminga, kjem ulikt til uttrykk i dei ulike forarbeida. I NOUen tyder ei naturleg språkleg forståing på at føremålet med promillegrensa er å verne annan ferdsel for fare. Dei andre forarbeida gjev derimot uttrykk for at føremålet famnar breiare enn dette. Ut i frå dei ytringane som kjem til uttrykk i Høyringsytringane frå Den norske advokatforening, og Justisdepartementets forslag i Ot. prp. nr. 51 verkar føremålet å vere generell tryggleik på sjøen, både for føraren sjølv, eventuelle passasjerar og for andre ferdande.

Dette må klassifiserast som eit objektivt føremål ettersom det ikkje klart går fram av forarbeida. Føremålet vert dermed basert på kva rettsbrukaren med rimelegheit kan forvente er føremålet for den aktuelle bestemminga, og ikkje kva lovgjevar har uttrykk er føremålet – den subjektive førestillinga. I motsetning til denne vil ikkje det objektive føremålet kunne legitimerast ved avleia eller faktisk autoritet og demokratisk legitimitet ved at den kjem til uttrykk i forarbeid eller føremålsparagraf. I staden vil bruken av slike føremål kunne forklarast ut i frå omsynet til lovgjevarlojalitet.

Med bakgrunn i verdihierarkiet som tidlegare vart gjort greie for ville det tale for at det føremål som kom klart til uttrykk i NOUen skulle leggjanjast til grunn. Det går derimot fram av rettspraksis at Høgsterett ikkje tilleggjer dei ulike føremålkategoriane ulik vekt. Derme vil slutningsprinsippa for forarbeida vere avgjerande for kva som vert oppfatta som det gjeldande føremålet for bestemminga.

Etter norsk metodelæra skal omsynet til lovgjevarviljen vege tungt. Ettersom lovgjevingsviljen fungerer som legitimeringsgrunnlag for arbeida, vil forarbeidas nærleik til lovvedtaket i utgangspunktet vere avgjerande for kva vekt det vert tillagt. Det ser ein tydeleg i den aktuelle dommen, der Høgsterett først viser til det føremålet som kjem til uttrykk i NOU 1993:21, men tilsideset dette i lys av dei synsmåtar som kjem til utttrykk “videre i lovarbeidet”.

Det eksisterer rett nok unntak for denne hovudregelen. Der tidlegare forarbeid har hatt særleg kyndige konsipistar kan dette gjere at desse vert lagt større vekt på. Også der lovgjevars vilje kjem klarare til uttrykk i tidlegare forarbeid kan dette medføre at desse vert lagt avgjerande vekt på.

I den aktuelle dommen er derimot det motsette tilfelle. Her viser seinare forarbeid ei klar avveging av aktuelle omsyn frå lovgjevars side. Dette kjem klart fram i avsnitt 16 der Høgsterett slår fast at “lovgiver har med andre ord med åpne øyne funnet også burde inkludere båtbruk der risikoen er særlig lav.” Argumentet vil som eit resultatet fremje demokratisk legitmitet i stor grad. At denne rettsoppfatninga vert lagt til grunn stemmer dermed godt over eins med jurdisk metode.

I tillegg til å få fram føremålet fungerer forarbeida dermed som sjølvstendige tolkingsbidrag ved kartlegging av lovbestemmingas rekkevidde. Ettersom dei talar mot ei innskrenande tolking vil dei underbyggje den rettsoppfatning som kan utleiast ved slutning frå lovteksten. Lovteksten og forarbeida peikar altså i same retning. Dette gjer at det normalt ikkje er grunnlag for vidare argumentasjon ettersom autoritative omsyn trekk svært sterkt i ei retning. Dette skuldast dei tungtvegande autoritative omsyn vektlegging av desse kjeldene fremjar. At føremålet også peikar i same retning forsterkar omsynet til lovgjevarlojalitet ytterlegare.

Rettspraksis som støttemoment

Til tross for dette nyttar Høgsterett seg også av tidlegare rettspraksis som støttemoment. I likheit med lovgjevar stammar Høgsteretts kompetanse frå Grunnlova, jf. Grl. § 88. Som eit resultatet vil også argument frå Høgsterettspraksis ha demokratisk legititmitet. Dette i seg sjølv er nok til å legitmere bruk av Høgsterettspraksis i rettsbruksprosessen. Det vil også gje argument utleidd frå Høgsterettspraksis stor rettskjeldemessig vekt i vektingsprosessen. Bruk av rettspraksis vil dermed ytterlegare legitimere løysinga forarbeida, føremålet og lovteksten tala for.

Høgsteretts rettsoppfatningar vil i norsk rett ha prejudikatsverknad – dei vil vere tilnærma bindande for andre rettsbrukarar. Dette skuldast Høgsteretts rolle som siste instans. På grunn av den ankerett som eksisterer i norsk rett, vil det derfor vere prosessøkonomisk lite føremålsteneleg for underinstansar å fatte avgjersler som går i mot Høgsteretts rettsoppfatning. I tillegg vil prejudikatsverkanden styrke omsynet til rettseinskap og førehandsvisse.

Rett nok er det berre ytringar (ratio) som var avgjerande for resultatet (decidendi) som vil inneha ei slik bindande kraft. Ved bruk av rettspraksis vert det derfor aktuelt å fastslå om ei ytringane som vart gitt også famner om det aktuelle tilfelle, og om dei er ein del av dommens ratio decidendi eller obiter dictum. I det aktuelle tilfelle viser Høgsterett berre kort til den tidlegare dommen. Det vert likevel slått fast at den ytring Høgsterett gjengir i den aktuelle dommen, var avgjerande for resultatet. Følgeleg vil den utgjere ein av dommens ratio decidendi, og seinare rettsbruk må vere i tråd med den rettsoppfatning som her vart gitt uttrykk for

I motsetning til lovtekst vil Høgsteretts rettsavgjerder ikkje vere autoritative vedtekne teksar, og kan derfor ikkje gjennomgå fintolking som ved lovtekst. Meiningsinnhaldet skal kartleggjast med bakgrunn i ei naturleg språkleg forståing i ei breiare vurdering der det blant anna er aktuelt å sjå på forskjellar i saksforholda, det totale rettskjeldemateriale og siterte synsmåtar.

Utan at det vert gitt eksplitt uttrykk i dommen gjer Høgsterett her ei samanlikning av faktum. På bakgrunn av faktumslikheitane vert det lagt til grunn at ytringa er aktuel i det gjeldande tilfelle. Følgelig må den retningslinje for kva moment som bør vektleggjast Høgsterett gav uttrykk for i 1994-dommen, leggjast til grunn i den aktuelle vektingsprosessen.

At denne vart tillagt vekt kan ein sjå ved at Høgsterett ikkje føretek ein vidare argumentasjon kring argumenta uleidd frå dommen. I staden vert det sagt ein delkonklusjon i neste avsnitt som var i tråd med den rettsoppfatning i prejudikatet

Eit spørsmål om gangen

Etter å ha lagt til grunn at det ikkje er grunnlag for ei innskrenkande tolking av “motor som fremdriftmiddel” går Høgsterett vidare til å behandle neste tolkingsspørsmål; om den tiltalte kan reknast som “førar” av båten. Kun ved å halde tolkingsspørsmåla åtskilte vil Høgsterett vere i strand til å kartleggje kva rettskjelder som talar for å i mot kvart av vilkåra, og tilleggje desse riktig vekt.

Slutnings frå lovteksten har her tidlegare vert gjort greie for. Desse vert underbygd av forarbeida, og baserte på dei rettskjeldesprinsipp som tidlegare vart gjort greie for vil det derfor normalt ikkje vere grunnlag for vidare argumentasjon. Likevel blir det også her vist til at den løysing som lovtekst og forarbeid gir anvisning på, stemmer godt over eins med det som av lagmannretten vart rekna som føremålet til bestemminga. Høgsterett seier seg einig i dette, og kan dermed med raskt avslutte argumentasjonen.

Lovtolkingsresultatet

Anka omhandla retten til innskrenkande tolking av lov om fritids- og småbåter § 33. Ei forkasting av anken inneber at det rettskjeldemessige grunnlaget ikkje vart rekna som tungtvegande nok til å fråvike utgangspunktet – ei bokstaveleg eller presiserande tolking av lovteksten. Ettersom tolkingsresultatet innebar ei avklaring av ei noko uklar lovtekst, der meininginnhaldet av “førar” og “motor som drivstoff” vart gjort greie for, vil det vere tale om ei presiserande tolking. Dette ligg innanfor kvar som kan utleiast av ordlyden ut i frå ei naturleg språkleg forståing av denne. Dermed vil resultatet vere i tråd med legalitetsprinsippets krav om klar heimel.

Forsvararen hevda derimot at eit slikt domsresultatet ville vere i strid med klarheitskravet i Den Europeiske Menneskerettskonvensjonen (EMK) artikkel 7. Norsk rett har eit dualitisk utgangspunkt, der folkerett for å vere gjeldande i norsk rett må inkorporerast ved lov. Dette vart gjort ved menneskerettsloven ( lov av 21 mai 1999 nr 30). Etter dens § 2 er EMK ein del av norsk rett, og ved motstrid skal denne gis forrang, jf § 3. Dette gjer at ei eventuell motstrid må tilleggjast stor vekt. 

Førstvoterande finn derimot inga haldepunkt for at domsresultatet er i mot klarheitskravet i EMK. Dette skuldast at førstvoterande fann ei naturleg språkleg forståing av ordlyden å peike dit hen at straff var aktuelt. Resultatet ville dermed vere i tråd med ordlyden, og dermed i tråd med klarheitskravet i artikkel 7.

Hadde førstvoterande komt til motsett resultatet ville rettsverknadane ramma eit snevrare område enn det førstvoterandes naturlege språklege forståing tilsa. Ei slik tolking på tvers av ordlyden ville vore problematisk ettersom ein her er på legalitetsprinsippets område

Anka omhandla moglegheita for ei slik innskrenkande tolking. Ettersom denne ville gå mot det argumentet som kunne utleiast frå ein lovtekst, måtte det tungtvegande rettskjeldemessige grunnar til for eit slikt resultat. Dette fann ikkje førstvoterande å vere tilfelle. Tvert imot var tolkingsresultatet i tråd med lovtekstens ordlyd, forarbeid og føremål, med støtte i rettspraksis. Det låg dermed føre svært sterke autoritative omsyn som tale for ei slik tolking. I tillegg talte omsyn som samanheng i retten, og prosessøkonomiske omsyn (jf. sitat frå den norske Advokatforeningens høyringsytring) som talar for enkle og praktikable løysignar i same retning. Det verkar dermed klart at Høgsteretts avgjersle hadde dei beste rettskjeldemessige grunnar føre seg.

Tolkingsresultatet kan vidare klassifiserast som rettsavklarande verksemd ettersom det klargjorde meiningsinnhaldet av den aktuelle lovteksten. Sidan det her var tale om eit lovfest område, ville det ikkje vere tale om ei rettsskapande verksemd slik som var tilfelle i Rt. 2000 s. 1089. Dommen kan dermed bidra til at færre tvister oppstår på dette område i framtida ettersom dei ytringar som her kjem til uttrykk avklarar rettsoppfatninga på det aktuelle område. 

Rekkevidda kan rett nok verte noko forsnevra ved at Høgsterett kjem med få generelle ytringar. Dommen er heile tida svært knytt opp til det aktuelle faktum. Det gjer at Høgsterett i framtida kun vil kunne dra nytte av den aktuelle dommen der faktum er svært likt det aktuelle tilfelle. Dette skuldast dei slutningsprinsipp for Høgsterettspraksis som tidlegare vart gjort greie for.

Det kan rett nok vere av noko betyding at Høgsterett i dommen autoriserte føremålet for bestemminga. Dette gjer at denne vil kunne leggjast større vekt på i framtida ved at den gjennom ei slik autorisering fekk autoritetsgrunnlag.